I haustferien skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:
Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der ein kan møta mange nye folk for å spela i lag.
EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt 18. arrangement. Me har samla over 1300 deltakarar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema (om linken ikkje funker så vart det liggande ved innsjekking).
Me har satt aldersgrensen til året ein blir 14 år (f.2011). Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på (om linken ikkje funker så vart det liggande ved innsjekking)
Besøkande må være 12 år eller eldre.
Når starter EvoLAN 18?
Me åpnar dørene onsdag 08. oktober kl. 15:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Ta deg ein god middag og slapp av før du kjem! Me lovar at me ikkje starter med noko viktig før 18:00!
Når sluttar det?
Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen 11. oktober.
Tidspunkt kjem me tilbake til seinare.
Me kjem tilbake til dette etterhvert.
Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn chips og cola. Det vil vera mulig å fylla vatn på flaske. Det blir også eit kiosktilbud der ein kan få kjøpt diverse, og håpar selvfølgelig at deltakara støtter oss med å handla i kiosken me har. Dette kjem det meir info om før LANet.
Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.
Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evolan.org