Smittevern

Som alle veit herjer eit veldig smittsomt virus rundt i verden. Det er alltid ein viss risiko å arrangere datatreff eller arrangement som samlar ungdom over fleire dagar i strekk, men me meiner at tiltaket vårt er viktig for mange som kanskje har savna sosiale treff det siste halvåret. Me jobber derfor for å arrangere datatreff, og å gjere det så sikkert som mulig. Me har eit stort ansvar, men deltakarane må også gjere ein innsats her!


Våre tiltak:

  • Me setter opp desinfeksjons punkter rundt om arrangementet som me oppfordrer å bruke

  • Me lar ikkje folk besøke arrangementet som tidlegare

  • Me legg opp til at det skal være mulig å holde minimum 1 meter avstand under heile arrangementet.

  • Me heng opp informasjon om håndvask og andre viktige rutinar for å unngå smitte

  • Me tar rundar der me desinfekserer fellespunkter som dørhåndtak og lignande minimum 1 gong i timen.

  • Me legg ikkje opp til felles soveplass dette arrangementet. Deltakarane sover heime. Dersom dette ikkje er mulig (feks. lang reisevei) kontakt oss for egen avtale. Det er sjølvsagt lov å døgne i hallen. Det blir berre ikkje lagt opp egen plass dedikert for soving uten avtale med styre.

  • Me har planer om å ha dialog med kommuneoverlegen og andre som kan råde oss for å la arrangementet skje så trygt som mulig.

  • Dersom me blir råda å avlyse arrangementet på grunn av smitte, vil me gjere dette. Informasjon om eventuell refusjon kjem om dette blir aktuelt.

  • Me held oversikt over kven som er på arrangementet ved hjelp av automatiske armbånd.


Det me forventer av deltakarane:

  • Deltakarane må følge regjeringa sine smitteverns reglar og anbefalingar

  • Dersom deltakaren har symptomer, er testa positiv til COVID-19 eller har karanteneplikt, skal han/ho ikkje delta på EvoLAN 14.

  • Me oppfordrer å opphalde seg i grupper med dei ein kjenner og redusere kontakt med andre grupper under arrangementet.

  • Me ønsker at foreldre, føresatte og andre som ikkje skal delta på arrangementet sjølv reduserer besøk på EvoLAN så langt der det er mulig. Dette inkluderer bærehjelp.

  • Me anbefaler å rense eller vaske utstyr som feks. tastatur og datamus eller lignande; før, på og etter EvoLAN 14.


Kiosk:

Det blir redusert kiosktilbud ved EvoLAN 14. Det blir ikkje mulig å steike pizza, men oppvarming av medbrakte smårettar i mikrobølgeovn/vannkoker blir mulig. Det blir også salg av av mindre tilbud drikke, snop og snacks.