Pakkelista

DU TRENG

  • Billetten din.

  • Gyldig ID (Bevis på at du er den du er, og gamal nok dersom du ikkje har samtykkeskjema.)

  • Samtykkeskjema dersom du er under 16 år.

  • Ein plan for mat, drikke og søvn. (Me skal ikkje sjå den. Me ønsker berre at deltakarane skal komma førebudd på LAN.)


HUSKELISTE – Nyttige ting

  • Datamaskin eller spillkonsoll

  • Nettverks kabel på minst 2 meter.

  • Nødvendige kablar og tilbehør (skjermkablar, strømkablar, tastatur, datamus…)

  • Strømpadde. Du får berre eitt strømuttak av oss.

  • Datastol om du vil, men me har stolar dersom du ikkje vil drasse med eigen.

  • Mobiltelefon med ladar

  • Ekstra klede?

  • Alle medikament du måtte trenga gjennom arrangementet.

  • Antibac? Me skal ha felles, men kanskje det kan være praktisk å ha eiga flaske der ein sitt?


Ting du ikkje får ta med deg

  • Kjøleskap eller fryseboks

  • Mikrobølgeovn

  • Vannkokar

  • Store høgtalarar

  • Andre ting som trekker mykje strøm.

  • Nettverksutstyr som du ikkje har klarert med styret på førehand.