FAQ

OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!

Me oppdaterer fortløpande, dersom det er noko som manglar så kjem det så fort me har informasjonen!

Før arrengementet


Når starter EvoLAN 10?

Me åpnar dørene lørdag 06. oktober kl. 17:00


Når sluttar det?

Onsdag 10. oktober kl. 12:00

Nettverket og straumen blir slått av 09:00


Korleis kjøper eg billett?

https://ebillett.no/evolan

Du kjøper billett gjennom eBillett på same måte som hos andre plassar som brukar eBillett (t.d. Bømlo kulturhus, Stord kulturhus). Du vil få ein bekreftelse på e-post (eller SMS). Ta med billetten når du kjem på EvoLAN (Du treng ikkje skriva den ut dersom du kan vise den på mobiltelefonen din).


Korleis reserverer eg plass?

Sjå eiga side for plassreservasjon


Kor gamal må eg vera for å delta på EvoLAN 10?

Alle frå 8.klasse er velkomen på EvoLAN 10!

Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.


Under arrengementet


Kor på skulen vil lanet pågå, og kor mange er det plass til?

Kantineområdet. Me har plass til ca. 65 plassar.


Blir det kiosk på lanet?

Om alt går etter planen skal Løp for livet drive kiosken vår! Kva dei kjem til å ha på menyen veit me ikkje enda, men me håpar på at dei sel pizza, brus og noko snop. Dei kjem heilt sikkert også til å selge heimabakte varer som vafler, kaker og boller. Meir info kjem så snart den er klar!


Kan me steika medbrakt pizza?

Ja, men: deltakaren må sjølv steike pizzaen sin. For å steike pizza tar du kontakt med styret eller vakten. Styret viser deg kor kjøkkenet er. Du sitte på kjøkkenet og passe på pizzaen din. Ubevokta steikeovnar blir skrudd av og pizzaen vert kasta. NB: Me har ikkje nødvendigvis rom for å lagra medbrakt mat i fryser eller kjøleskap!


Kva konkurransar blir det?

Les her. Forandringar kan oppstå. Meir info og påmelding kjem så snart det er klart.


Må eg ta med nettverkskabel?

Ja, med mindre du vil nytta trådlaust nettverk. Me anbefaler ein kabel på ca. 5 meter, men det kan henda du ikkje treng så lang. Dette er avhengig av kvar du sitt og kvar bordswitchen er plassert. Sørg for at kabelen du tar med er fin og utan skade.


Må eg ta med eigen stol?

Nei, men ta gjerne med om du ønsker!


Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?

Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.

Etter arrangementet

Eg har gløymt noko, kan dykk hjelpa?

Sjølvsagt, men berre om du kan forklare kva du har gløymt. Det er ikkje sikkert me finn gjenstanden din, men me skal gjera vårt besta for å finna gjengløymte ting. Me kan sjølvsagt ikkje erstatta noko du har mista under arrangementet, men me skal vere så hjelpsame som mulig!


Når er neste arrangement?

Vanligvis tar me nokre månadar pause etter eit arrangement. Som regel byrjar me planlegging ca. to-tre mnd før arrangementet. Me kan dessverre ikkje lova noko før denna prosessen har starta. Ønsker du å melda deg frivillig til neste arrangement og vere med på planlegginga, ta kontakt på post@evo-lan.org!