Info til føresette

OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!

I haustferien 2018 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der du kan møta mange nye folk.

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt tienda arrangement. Me har samla ca. 1000 personar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema.


Aldersgrense

Me er ikkje veldig strenge på alder. Om du meiner at barnet ditt kan kome, er det du sjølv som avgjer dette. Veiledande aldersgrense er 8. klasse og opp. Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på.


Viktige tider

Dørene opnar: Laurdag 06. oktober kl. 17:00

Arrangementet sluttar: Onsdag 10. oktober kl. 12:00

Låsing om nettene: 23:00 - 09:00.

Kiosken sine åpningstider: (Informasjon kjem snart)


Soveplassar

Me anbefaler alle å få nok søvn. Det beste er å sova heima. Men for dei som ønskjer har me også dedikert nokre rom til soverom. Deltakarane må sjølv ha med liggeunderlag, sovepose, pute osv.


Mat og drikka

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn Grandiosa og cola. Det vil vera vassdispenser der du kan fylla iskaldt vatn i ei flaske, mikrobølgeovnar og vasskokarar i lokalet som alle kan bruka gratis.

Pizzasteiking: Deltakarane kan steika pizza på kjøkkenet på skulen. Den som steiker pizza kan ikkje forlate kjøkkenet før pizzaen er ferdig, ovnen er skrudd av og han/ho har rydda opp etter seg. Me kan dessverre ikkje tilby steiking for deltakarane. Deltakaren kan nytta ovnen til å laga anna mat, men det skal sjå minst lika ryddig ut som når han/ho kom. All bruk av kjøkkenet skal avtalast med styret/vakten på førehand.


Utstyr og personleg eigendelar

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.


Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evo-lan.org