Info til føresette

OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!

I haustferien 2019 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der ein kan møta mange nye folk.

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt tienda arrangement. Me har samla ca. 1000 personar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema.


Aldersgrense

Me er ikkje veldig strenge på alder. Om du meiner at barnet ditt kan kome, er det du sjølv som avgjer dette. Veiledande aldersgrense er 8. klasse og opp. Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på.


Viktige tider

Dørene opnar: Mandag 07. oktober kl. 16:00 (kl. 15:00 for VIP)

Arrangementet sluttar: Torsdag 10. oktober kl. 12:00


Soveplassar

Me anbefaler alle å få nok søvn. Det beste er å sova heima. Men for dei som ønskjer har me også dedikert nokre rom til soverom. Deltakarane må sjølv ha med liggeunderlag, sovepose, pute osv.


Mat og drikka

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn Grandiosa og cola. Det vil vera mulig å fylla vatn på flaske.

Det vil kome informasjon om kiosk og eventuell muligheit for å steike pizza på eit seinare tidspunkt.

Utstyr og personleg eigendelar

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.


Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evo-lan.org