Smittevern
OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!
Som alle veit herjer eit veldig smittsomt virus rundt i verden. Det er alltid ein viss risiko å arrangere datatreff eller arrangement som samlar ungdom over fleire dagar i strekk, men me meiner at tiltaket vårt er viktig for mange som kanskje har savna sosiale treff det siste halvåret. Me jobber derfor for å arrangere datatreff, og å gjere det så sikkert som mulig. Me har eit stort ansvar, men deltakarane må også gjere ein innsats her!
Våre tiltak:
Me setter opp desinfeksjons punkter rundt om arrangementet som me oppfordrer å bruke
Me begrenser antall billettar.
Me lar ikkje folk besøke arrangementet som tidlegare
Me legg opp til at det skal være mulig å holde minimum 1 meter avstand under heile arrangementet.
Me legg opp nettverkskabler på bordet slik at deltakarane slepp å klatre rundt kvarandre for å koble seg til nettverket
Me heng opp informasjon om håndvask og andre viktige rutinar for å unngå smitte
Me tar rundar der me desinfekserer fellespunkter som dørhåndtak og lignande minimum 1 gong i timen.
Me legg ikkje opp til felles soveplass dette arrangementet. Deltakarane sover heime. Dersom dette ikkje er mulig (feks. lang reisevei) kontakt oss for egen avtale. Det er sjølvsagt lov å døgne i hallen. Det blir berre ikkje lagt opp egen plass dedikert for soving.
Me har planer om å ha dialog med kommuneoverlegen og andre som kan råde oss for å la arrangementet skje så trygt som mulig.
Dersom me blir råda å avlyse arrangementet på grunn av smitte, vil me gjere dette. Informasjon om eventuell refusjon kjem om dette blir aktuelt.
Me held oversikt over kven som er på arrangementet ved hjelp av automatiske armbånd.
Det me forventer av deltakarane:
Deltakarane må følge regjeringa sine smitteverns reglar og anbefalingar
Dersom deltakaren har symptomer, er testa positiv til COVID-19 eller har karanteneplikt, skal han/ho ikkje delta på EvoLAN 13.
Me oppfordrer å opphalde seg i grupper med dei ein kjenner og redusere kontakt med andre grupper under arrangementet.
Me ønsker at foreldre, føresatte og andre som ikkje skal delta på arrangementet sjølv reduserer besøk på EvoLAN så langt der det er mulig. Dette inkluderer bærehjelp.
Me anbefaler å rense eller vaske utstyr som feks. tastatur og datamus eller lignande; før, på og etter EvoLAN 13.
Kiosk:
Det blir redusert kiosktilbud ved EvoLAN 13. Det blir ikkje mulig å steike pizza, men oppvarming av medbrakte smårettar i mikrobølgeovn/vannkoker blir mulig. Det blir også salg av av mindre tilbud drikke, snop og snacks.