Les dette først:
Om billettsalet
Korleis reserverer eg sitteplass?
Les informasjon her: Billettsal
Kor finner eg bevis for billett
Om du ikkje har fått dette, så står det innpå denne nettsida her. Om du ikkje finn det så ta kontakt med oss.
Kven sitter på sida av meg
Me kan diverre ikkje dele denne informasjonen.
Kan du flytte den som sitter på sida av meg
Nei.
Når starter EvoLAN 18?
Me åpnar dørene 08. oktober kl. 12:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Me lovar at me ikkje starter med noko viktig som feks. konkurransar før kl. 16:00!
Når sluttar det?
Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen innen 11. oktober.
Tidspunkt kjem me tilbake til seinare.
Korleis kjøper eg billett?
Korleis reserverer eg plass?
Ein reserverer seg plass når ein kjøper billett
Kor gamal må eg vera for å delta på EvoLAN 18?
Les info til føresette. Me har satt aldersgrensen til året ein blir 14 år (f.2011).
Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.
Eg kjenner ingen som kjem på LAN-et. Kva får eg ut av det?
Akkurat deg anbefaler me på det sterkaste å delta på LAN-et. Du som kjem åleine er gull verdt fordi andre grupper ofte manglar ein spelar.
Arrangementet har i tillegg mykje anna kjekt program som scenecompoar, compoar, mm. for ikkje å nevne det som enda ikkje er offentliggjort.
Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at du kjem ut av det heile med nye vener.
Blir det kiosk på lanet?
Ja!
Kan me steika medbrakt pizza?
Ja ein kan ta med egen pizza med at det kjem eit tillegg på steiking. Me anbefaler at du kjøper maten i kiosken for å støtte da me gjer!
Kva konkurransar blir det?
Forandringar på konurransar kan oppstå. Meir info og påmelding kjem så snart det er klart.
Følg oss gjerne på discord og facebook for å få me deg meir informasjon.
Må eg ta med nettverkskabel?
Ja, med mindre du vil nytta trådlaust nettverk. Me anbefaler ein kabel på ca. 2 meter, men det kan henda du ikkje treng så lang. Dette er avhengig av kvar du sitt og kvar bordswitchen er plassert. Sørg for at kabelen du tar med er fin og utan skade.
Må eg ta med eigen stol?
Nei, men ta gjerne med om du ønsker!
Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?
Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.
Kan eg besøkje vener eller forvetna meg på LAN-et?
Selvfølgelig! Me tar gjerne i mot besøkjande under arrangementet. Det går an å kjøpe besøkjandebillett fra og med opningsdagen. Pris for besøkjande er kr 100 for 24 timar.
Besøkjande får mogeligheit til å delta på diverse arrangement under LAN-et også. Nokre scenecompoar, prøve diverse spelkonsollar, diverse brettspel, mm.
Eg har gløymt noko, kan de hjelpa?
Sjølvsagt, men berre om du kan forklare kva du har gløymt. Det er ikkje sikkert me finn gjenstanden din, men me skal gjera vårt beste for å finna gjengløymte ting. Me kan dessverre ikkje erstatta noko du har mista under arrangementet, men me skal vere så hjelpsame som mulig!
Når er neste arrangement?
Vanligvis tar me nokre månadar pause etter eit arrangement. Som regel byrjar me planlegging ca. to-tre mnd før arrangementet. Me kan dessverre ikkje lova noko før denna prosessen har starta. Ønsker du å melda deg frivillig til neste arrangement og vere med på planlegginga, ta kontakt på post@evolan.org!