Info til føresette

OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!

I påska 2018 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der du kan møta mange nye folk.

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt niande arrangement. Me har samla ca. 1000 personar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema.


Viktige tider

Dørene opnar: Torsdag 29. mars kl. 12:00

Arrangementet sluttar: Søndag 1. april kl. 09:00

Låsing om nettene: 23:00 - 09:00.

Kiosken sine åpningstider: (Kjem snart)


Soveplassar

Me anbefaler alle å få nok søvn. Det beste er å sove heime. Me har også dedikert nokre rom til soverom. Deltakarane må sjølve ha med liggeunderlag, sovepose, pute osv.


Mat og drikke

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikke. Me anbefaler på det sterkeste at det er ein sunnare kost enn Grandiosa og cola. Det vil vera vassdispenser der du kan fylla iskaldt vatn i ei flaske, mikrobølgeovnar og vasskokarar i lokalet som alle kan bruka gratis.


Utstyr og personlege eigedelar

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/hærverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.


Kontakt oss

Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt: post@evo-lan.org