FAQ

Om billettsalg og plassreservasjon

Les dette først:
Om billettsalget


Korleis reserverer eg sitteplass?

Les informasjon her: Billettsalget


Kor finner eg bevis for billett

Om du ikkje har fått dette, så står det innpå denne nettsida https://billett.evolan.org/ . om du ikkje finn det så ta kontakt med oss.


Kven sitter på sida av meg

Me kan dessverre ikkje dele denne informasjonen.


Kan du flytte den som sitter på sida av meg

Nei.

Før arrengementet


Når starter EvoLAN 15?

Me åpnar dørene lørdag 9. April kl. 15:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Ta deg ein god middag og slapp av før du kjem! Me lovar at me ikkje starter med noko viktig som feks. konkurransar før 20:00!


Når sluttar det?

Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen innen tysdag 12. April kl. 22:00

Nettverket og straumen blir slått av 21:00


Korleis kjøper eg billett?

Les framsida


Korleis reserverer eg plass?

Informasjon kjem så fort den er klar!


Kor gamal må eg vera for å delta på EvoLAN 15?

Les info til føresette. Me har inga fast aldersgrense, men anbefalar ungdomsskulen og oppover.

Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.


Under arrengementet


Blir det kiosk på lanet?

Meir info kjem snart


Kan me steika medbrakt pizza?

Informasjon vil komme


Kva konkurransar blir det?

Les her. Forandringar kan oppstå. Meir info og påmelding kjem så snart det er klart.


Må eg ta med nettverkskabel?

Ja, med mindre du vil nytta trådlaust nettverk. Me anbefaler ein kabel på ca. 5 meter, men det kan henda du ikkje treng så lang. Dette er avhengig av kvar du sitt og kvar bordswitchen er plassert. Sørg for at kabelen du tar med er fin og utan skade.


Må eg ta med eigen stol?

Nei, men ta gjerne med om du ønsker!


Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?

Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.

Etter arrangementet

Eg har gløymt noko, kan de hjelpa?

Sjølvsagt, men berre om du kan forklare kva du har gløymt. Det er ikkje sikkert me finn gjenstanden din, men me skal gjera vårt beste for å finna gjengløymte ting. Me kan dessverre ikkje erstatta noko du har mista under arrangementet, men me skal vere så hjelpsame som mulig!


Når er neste arrangement?

Vanligvis tar me nokre månadar pause etter eit arrangement. Som regel byrjar me planlegging ca. to-tre mnd før arrangementet. Me kan dessverre ikkje lova noko før denna prosessen har starta. Ønsker du å melda deg frivillig til neste arrangement og vere med på planlegginga, ta kontakt på post@evolan.org!