FAQ

OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!

Før arrengementet

Når starter Påskelanet 2018?

Me åpnar dørene torsdag 29. mars kl. 12:00

Når sluttar det?

Søndag 1. april 09:00


Korleis kjøper eg billett?

https://ebillett.no/evolan

Du kjøper billett gjennom eBillett på samme måte som hos andre plassar som brukar eBillett (t.d. Bømlo kulturhus, Stord kulturhus). Du vil få ein bekreftelse på e-post (eller SMS). Ta med billetten når du kjem på EvoLAN. (Du treng ikkje skriva den ut dersom du kan vise den på mobiltelefonen din.)


Korleis reserverer eg plass?

Du kjøper den plassen du ønsker. Me tar kontakt dersom me må endra på oppsettet og det påverkar din plass.


Kva koster billetten?

Ordinær pris på nett: 350 kr

Ordinær pris i døra: 400 kr


Kor gammal må eg vera for å delta på EvoLAN?

13 år. Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.


Under arrengementet


Kor på skulen vil lanet pågå, og kor mange er det plass til?

Kantineområdet. Me har plass til ca. 60 billettar denne gongen


Blir det kiosk på lanet?

Ja, i noko redusert form samanlikna med tidlegare. Sortimentet blir noko redusert. Meir om dette vil komme.


Kan me steika medbrakt pizza?

Ja, men denne gongen prøver me noko nytt. Deltakaren må sjølv steike pizzaen sin. For å steike pizza tar du kontakt med styret. Styret viser deg kor kjøkkenet er. Du MÅ sitte på kjøkkenet og passe på pizzaen din. Ubevokta steikeovnar blir skrudd av og pizzaen vert kasta.


Kor mykje plass får me?

Minimum 80 cm i bredda.


Kva konkurransar blir det?

Du kan sjå planlagde compo her. Merk at det kan skje forandringer.


Må eg ta med nettverkskabel?

Ja, med mindre du vil nytta trådlaust nettverk. Me anbefaler minimum 10 meter kabel, men det kan henda du ikkje treng så lang. Sørg for at kabelen du tar med er fin og utan skade.


Må eg ta med eigen stol?

Nei, men ta gjerne med om du ønsker!


Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?

Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.