Pakkelista
OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!
DU TRENG
Billetten din. Minnar om at det er billigare å kjøpe på nett enn i døra.
Gyldig ID (Bevis på at du er den du er, og gamal nok dersom du ikkje har samtykkeskjema.)
Samtykkeskjema dersom du er under 16 år.
Ein plan for mat, drikke og søvn. (Me skal ikkje sjå den. Me ønsker berre at deltakarane skal komma førebudd på LAN.)
HUSKELISTE – Nyttige ting
Datamaskin eller spillkonsoll
Nødvendige kablar og tilbehør (skjermkablar, strømkablar, ethernet, tastatur, datamus…)
Strømpadde. Du får berre eitt strømuttak av oss.
Datastol om du vil, men me har stolar dersom du ikkje vil drasse med eigen.
Pengar
Mobiltelefon
Mobilladar
Soveutstyr dersom du har planar om å overnatta i lokalet.
Ekstra klede?
Alle medikament du måtte trenga gjennom arrangementet.
Toalettsaker (tannkost, deodorant…)
Ting du ikkje får ta med deg
Kjøleskap eller fryseboks (Ta kontakt med EvoLAN dersom du treng kjøle noko ned, så finn me ei løysing.)
Mikrobølgeovn (Me har.)
Vannkokar (Me har.)
Høgtalarar
Andre ting som trekker mykje strøm.
Nettverksutstyr som du ikkje har klarert med styret på førehand.