Retningslinjer
OBS! DU SER PÅ EIT TIDLEGARE ARRANGEMENT! INFORMASJONEN HER GJELDER IKKJE LENGER!
SMITTEVERNSTILTAK: SJÅ EIGA SIDE
Du er sjølv ansvarleg for å lese reglane før du kjem på EvoLAN.
Norske lover og reglar gjeld for heile arrangementet.
Alkohol eller andre rusmidlar er strengt forbudt. Berusa personar blir vist vekk frå lokalet.
Hærverk eller tjuveri vil føra til at vedkommande blir holdt økonomisk ansvarleg med krav om erstatning og/eller politianmeldelse.
Du må godta beskjedar du får frå EvoLAN-styret.
Vis hensyn og normal folkeskikk i møte med andre deltakarar og frivillige.
Du blir tildelt ei bordbredde og skal ikkje overtre plassen din.
Stengte og låste dører skal forbli låste, dei er låste av ein grunn.
Deltakarane er sjølve ansvarlege for sitt eige utstyr. EvoLAN kan ikkje stillast ansvarleg for skadar eller tjuveri av ditt datautstyr eller andre personlege eigedelar.
Det er ikkje lov å ha medbrakt strømkonsumerande eller brannfarleg utstyr som t.d. kjøleskap eller mikrobølgeovn.
Det er ikkje lov å bruka høgtalarar berekna for høg lydstyrke. Høgtalarar frå laptop, mobil og tilsvarande går fint dersom du gir beskjed om det til dei frivillige.
Soving skal berre skje på anvist stad. Det skal vera stille på desse stadane.
Røyking og vaping forbudt på eller i nærheten av arrangementet.
Rydd opp søppel uansett kvar du er. Sorter flasker og boss.
Om ein skal arrangera eigen compo (spelkonkurranse), må ein først kontakta oss i EvoLAN og bli einige om korleis det skal bli utført.
Ved brudd på reglar reserverer EvoLAN seg retten til å bortvisa den/dei det gjeld utan refusjon av billett, reise eller andre utlegg.
Betalte billettar blir ikkje refunderte. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Einaste unntak er dersom du melder deg som frivillig til å hjelpe oss med å arrangera. Ved avlyste arrangement vil du få refundert pengane.
EvoLAN har rett til å endra, fjerna eller legga til reglar.