Info til føresette

I vinterferien 2023 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon: 

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der ein kan møta mange nye folk. 

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt 17. arrangement. Me har samla over 1300 deltakarar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema (om linken ikkje funker så vart det liggande ved innsjekking).


Aldersgrense

Me har fast aldersgrense på 14 år. Veiledande aldersgrense er 9. klasse og opp. Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på (om linken ikkje funker så vart det liggande ved innsjekking)


Viktige tider

Når starter EvoLAN 17?

Me åpnar dørene lørdag 24. Fedruar kl. 15:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Ta deg ein god middag og slapp av før du kjem! Me lovar at me ikkje starter med noko viktig som feks. konkurransar før 20:00!

Når sluttar det?

Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen innen onsdag 28. Februar.

Nettverket og straumen blir slått av til kl. 10:00


Soveplassar 

Me oppfordra alle til å dra hjem for å såve, siden me ikkje har såveplasser iår.


Mat og drikka 

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn chips og cola. Det vil vera mulig å fylla vatn på flaske.  Det blir også eit kiosktilbud der ein kan få kjøpt diverse.  Dette kjem det meir info om før LANet.


Utstyr og personleg eigendelar 

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen. 


Kontakt oss 

Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evolan.org