Info til føresette

I haustferien 2020 skal den frivillige organisasjonen EvoLAN igjen arrangera datatreff. Her kjem litt informasjon:

Datatreff (dataparty, LAN) blir arrangert i heile verda og samlar ungdom rundt datamaskina. Sjølv om fokuset hovudsakleg er retta mot data, så er det eit svært sosialt arrangement der ein kan møta mange nye folk.

EvoLAN har mykje erfaring i å arrangera LAN, og dette blir vårt tolvte arrangement. Me har samla over 1000 deltakarar sidan 2013 og fokuserer på tryggleik og trivsel – derfor har me reglar og retningslinjer du må vera klar over før du kjem. Deltakarar under 16 år må ha med samtykkeskjema.


Aldersgrense

Me har ikkje fast aldersgrense. Om du meiner at barnet ditt kan kome, er det du sjølv som avgjer dette. Veiledande aldersgrense er 8. klasse og opp. Alle under 16 år må ta med samtykkeskjema som føresatte skriv under på.


Viktige tider

Når starter EvoLAN 13?

Me åpnar dørene lørdag 3. oktober kl. 16:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Ta deg ein god middag og slapp av før du kjem! Me lovar at me ikkje starter med noko viktig som feks. konkurransar før 20:00!

Når sluttar det?

Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen innen tysdag 6. oktober kl. 22:00

Nettverket og straumen blir slått av 21:00.


Soveplassar

TILTAK COVID-19: Det blir ikkje fellesplass å sove ved EvoLAN 13. Les meir her.


Mat og drikka

Det er viktig at deltakarane får i seg mat og drikka. Me anbefaler på det sterkeste at dei har ein sunnare kost enn chips og cola. Det vil vera mulig å fylla vatn på flaske. Det blir også eit lite kiosktilbud. Eit av tiltaka for COVID-19 våre er at me ikkje steiker pizza. Det blir mulig å varme opp mat i mikrobølgeovn eller vannkoker.


Utstyr og personleg eigendelar

Deltakaren er sjølv ansvarleg for alt som blir medbrakt. Tjuveri/herverk skal meldast til oss frivillige i EvoLAN og blir politianmeldt. Dette har aldri skjedd, og me håpar me får halda på den tradisjonen.


Kontakt oss

Har du spørsmål, ta kontakt på: post@evolan.org