FAQ

Om billettsalg og plassreservasjon

Les dette først:
Om billettsalget
Om plassreservasjon


Korleis reserverer eg sitteplass?

Les informasjon her: https://www.evolan.org/evolan-13/plassreservasjon


Korleis setter eg ein person som plassvelger?

Logg på Geekevents, velg EvoLAN og klikk på navnet ditt i toppen av høgre hjørne. Der kan du klikke på "Min side" for å finne billettane dine. Der kan du sette plassvelger.


Korleis tildeler eg billettar til andre personer

Logg på Geekevents, velg EvoLAN og klikk på navnet ditt i toppen av høgre hjørne. Der kan du klikke på "Min side" for å finne billettane dine. Dersom du ikkje får tildele billetten din til andre kan du reservere billettane i ditt navn og fylle ut skjema nederst fra denne sida: https://www.evolan.org/evolan-13/plassreservasjon


Kor finner eg bevis for billett

Om du ikkje har fått dette, får du dette når du sjekker inn på geekevents. Om du har sjekka inn men fortsatt ikkje fått bevis noko plass, kontakt oss igjen.


Korleis kan eg bytte sitteplass

Ved å "avreservere" sitteplassane dine får du velge plass på nytt.


Kven sitter på sida av meg

Me kan dessverre ikkje dele denne informasjonen.


Kan du flytte den som sitter på sida av meg

Nei.

Før arrengementet


Når starter EvoLAN 13?

Me åpnar dørene lørdag 3. oktober kl. 16:00, men me anbefaler at ikkje alle kommer på ein gong for begrense kø. Ta deg ein god middag og slapp av før du kjem! Me lovar at me ikkje starter med noko viktig som feks. konkurransar før 20:00!


Når sluttar det?

Alle deltakarane og utstyr må være ute av salen innen tysdag 6. oktober kl. 22:00

Nettverket og straumen blir slått av 21:00.


Kvifor er billetten dyrare samanligna med forrige arrangement og kvifor er det ikkje komfortbillettar?

COVID-19 krever mykje frå oss. Det fører til redusert antall billettar, men like mykje arbeid fordi alle skal kunne ha 1 meter avstand fra den som sitter på sida. Me må også kjøpe inn håndsprit og meir reingjeringsartiklar enn vanleg. Grunnen til at me ikkje har komfortbillettar er rett og slett at alle i praksis får det som tidlegare var komfortbillettar: Større plass.


Korleis kjøper eg billett?

Les framsida


Korleis reserverer eg plass?

Informasjon kjem så fort den er klar!


Kor gamal må eg vera for å delta på EvoLAN 13?

Les info til føresette. Me har inga fast aldersgrense, men anbefalar ungdomsskulen og oppover.

Dersom du er under 16 år må dine føresette fylla ut eit samtykkeskjema.


Under arrengementet


Blir det kiosk på lanet?

Det blir redusert kiosktilbud ved EvoLAN 13. Det blir ikkje mulig å steike pizza, men oppvarming av medbrakte smårettar i mikrobølgeovn/vannkoker blir mulig. EvoLAN skal også selge enkelte rettar som nudlar, Billy micropizza og rett i koppen. Det blir også salg av av mindre tilbud drikke, snop og snacks.


Kan me steika medbrakt pizza?

Nei, eit av tiltaka for COVID-19 er å redusere antall aktørar på lanet. Det blir derfor ikkje pizzasteiking i kiosken på EvoLAN. Det blir mulig å varme opp mat i mikrobølgovn eller vannkoker.


Kva konkurransar blir det?

Les her. Forandringar kan oppstå. Meir info og påmelding kjem så snart det er klart.


Må eg ta med nettverkskabel?

Nei, eit av tiltaka for COVID-19 er å redusere "klatring" over kvarandre når ein skal koble seg på nettverket. Me legg derfor opp ein nettverkskabel pr sitteplass.


Må eg ta med eigen stol?

Nei, men ta gjerne med om du ønsker!


Kva skjer dersom noko av utstyret mitt blir stole eller skada?

Du står sjølv ansvarleg for utstyret ditt. EvoLAN kan dessverre ikkje påta seg noko økonomisk ansvar, direkte eller indirekte i samband med arrangementet. Me har ikkje høyrt om nokon tilfeller tidlegare og satsar på at det ikkje vil endra seg.

Etter arrangementet

Eg har gløymt noko, kan de hjelpa?

Sjølvsagt, men berre om du kan forklare kva du har gløymt. Det er ikkje sikkert me finn gjenstanden din, men me skal gjera vårt beste for å finna gjengløymte ting. Me kan dessverre ikkje erstatta noko du har mista under arrangementet, men me skal vere så hjelpsame som mulig!


Når er neste arrangement?

Vanligvis tar me nokre månadar pause etter eit arrangement. Som regel byrjar me planlegging ca. to-tre mnd før arrangementet. Me kan dessverre ikkje lova noko før denna prosessen har starta. Ønsker du å melda deg frivillig til neste arrangement og vere med på planlegginga, ta kontakt på post@evolan.org!